Heim og folk i Ringebu - Band 4 Vekkom

Band 4 Vekkomsboka i serien om heimane og folket i Ringebu er fullført og ligg nå til sals hos Ringebu Historielag og på Ringebu Libris.

Halvor Aaby har avslutta eit imponerande arbeid på 480 sider om folk og heim i Vekkom. Jon Ødegård har vore redaktør. Her vil du finne svar på nær sagt alt om busetting og om folket i Vekkom, frå gardane og heimane vart rydda og fram til oktober 2016. Boka er rikt illustrert med bilder og kart.

I serien er band 1 Venabygd, band 2 Kjønnås, band 3 Vålebrua og band 4 Vekkom nå fullført og i handelen. Bøkene kostar kr. 350 pr. band.