Historisk temakveld 19. januar

Christine Storm Munch

Invitasjon til historisk temakveld

i Ringebu Prestegard torsdag 19. januar kl. 19.00

Torveig Dahl frå Gudbrandsdalsmusea held foredrag om den nye kulturhistoriske boka:

«Fru Christine Storm Munch og hennar kokebok»

Boka er basert på Christine Storm Munch (1746-1825) si originale kokebok, som er bevara i Statsarkivet i Hamar. Christine var fødd og voks opp i Vågå, men var personalkapellanfrue i Ringebu i mesta 10 år og budde på garden Brettingen i Vekkom. Ho var prestefrue i Vågå og Fluberg og døydde som enke på Dale i Sel.

Kaffe og kaker

Velkomne til temakvelden!

Arrangør Stiftelsen Ringebu Prestegard