Da var laget godt å ha

Frå Stiftinga G-Kultur:

Gudbrandsdalslaget i Oslo 1920 – 2013

Boklansering

på Det Norske Teatret, fredag 21. april kl 15-16.30

Vi har med dette gleda å invitere til lansering av boka Da var laget godt å ha, den samla historia om Gudbrandsdalslaget i Oslo 1920 - 2013. Lanseringa finn stad på Det Norske Teatret, Bikuben.

Magnhild Bruheim vart i april 2015 engasjert av Stiftinga G-Kultur til å dokumentere og skrive ned historia om Gudbrandsdalslaget. Magnhild er journalist og forfatter, og busett på Lillehammer.

Program

  • Gudbrandsdølenes Spelemannslag.

  • Knut Hovslien, styreleiar i Stiftinga G-Kultur: Velkomst og programleiing.

  • Magnhild Bruheim: Presentasjon av Da var laget godt å ha.

  • Egil Killi, lagsformann 1952/1953 og Asbjørn Ringen, tidl. sjefredaktør i GD: Samtale om «gamle dågå» i laget.

  • Teater G 35+ presenterer eit utvalg sangar frå sitt eige sangarkiv.

  • Torgeir Holø, lagsformann 1964/1965: Da va lage godt å gå åt, festtale til 70-årsjubileet i Gudbrandsdalslaget og 40-jubileet i Dale-Gudbrand, februar 1990.

Vi tek atterhald om eventuelle endringar i programmet.

Boka blir gjeve som gave til alle som deltek på arrangementet. Ønskjer ein fleire bøker kan desse kjøpast for 150 kr. pr bok.

Det er mogleg å kjøpe kaffe/te, mineralvatn og litt å bite ti.

Hjarteleg velkomen!

Med beste helsing

styret i Stiftinga G-Kultur

Omslaget til boka

Magnhild Bruheim:

Ein stad å høyre til

Fana til Gudbrandsdalslaget i Oslo frå 1929

Gudbrandsdalslaget i Oslo vart stifta i 1920, formålet var å samle dølar som kom til hovudstaden til hyggeleg samvær og arbeid på heimleg grunn. Det skulle vera ein stad der dølaungdommen kunne treffe andre med sams interesser, der dei vart verdsette og kunne tala heimemålet sitt.

I mange tiår fylte laget eit behov som fanst, som eit av mange bygdelag i hovudstaden. Tusentals unge gudbrandsdølar har vore medlemmer i laget og har deltatt på kaffikveldar med foredrag, dansefestar, hytteturar, teaterarbeid, studiesirklar, leikkurs, idrettsarrangement eller andre av aktivitetane som laget kunne tilby. Mange har tatt med seg minne og erfaringar for livet.

I 1970- og 1980-åra minka interessa for Gudbrandsdalslaget, stadig færre melde seg inn og deltok på aktivitetane. Men laget levde vidare, medlemmer diskuterte politisk engasjement, og teatergruppa hadde si glanstid. Til sist var det likevel ikkje lenger grunnlag for å drive laget, den siste lagshytta vart seld, og i 2013 vart laget lagt ned.

Første delen av dette skriftet gjev ein historisk gjennomgang av laget, frå framveksten til oppløysinga, kva laget såg på som sin viktigaste funksjon, og korleis det levde opp til føremålet. Andre delen er tematisk, og tar for seg dei oppgåvene som fekk størst plass, og som har hatt mest å seia for laget. I ei særstilling står Skjennungstua.

Arbeidet er basert på arkivmaterialet som Gudbrandsdalslaget overleverte til Opplandsarkivet i 2014 og 2015. Lagsbladet Guriluren har vore ei viktig kjelde, og det er hyttebøker frå Slaktern, Skjennungstua og Gudbrandstugu. Elles er noko av framstillinga basert på intervju med somme av dei som har vore sentrale i periodar i lagshistoria. I tillegg til den historiske framstillinga har vi tatt med tidsminne frå formenn/leiarar frå kvart tiår frå 1950-åra, minne frå Skjennungstua og ei jubileumstale.

For å kunne skrive om historia dei første tiåra etter stiftinga, har jubileumsskriftet i samband med at laget fylte 50 år i 1970, vore svært nyttig. Det var artiklar som vart trykte i Årbok for Gudbrandsdalen 1969. Det bygde vidare på eit skrift som kom ut ti år før, da laget fylte 40 år. Da var laget godt å ha er ei samla framstilling av den meir enn nittiårige historia.