Temakveld om Karl Løkke 26. januar 2020

Syndag 26. januar 2020 kl. 18.00 Vognskjulet, Ringebu prestegard

Karl Løkke 1939, eigar Lillehammer museum, Maihaugen

Galleriverksemda i Prestegarden har kvart år sommarutstilling frå juni til september. Sommaren 2020 skal vi ha ei utstilling om målaren Karl Løkke (1870-1943) frå Lesja, som mesteparten av livet budde saman med familien i Ringebu, opp for Vålebru sentrum. For å informere meir om Løkke og hans samtid, og få kontakt med folk som har maleri eller anna relevant stoff, inviterer vi til ein temakveld.

Program

Lokalhistorikar Jon Ødegård om blomstringstida i Vålebrua på Løkke si tid. Lars Tvete om Løkke, hans liv og verksemd.

Vi ber folk ta med foto av Løkke-måleri på minnepinne, om de vil vise det, elles kan vi koma heim åt folk og sjå og ev. drøfte lån til utstillinga.

Inngang kr. 100 inkl. kaffe og kake.

Ta gjerne kontakt med arbeidsgruppa om det skulle vera noko.

Velkomen!

Arr. Kunstfagleg råd, Ringebu prestegard og arbeidsgruppa for Løkkeutstillinga