Årsmelding 2020

Årsmøtet var på Sør-Fåvang grendehus onsdag 20. mai kl. 19.00. 27 personar skreiv under på protokollen. Sigurd Krekke heldt foredrag om hoppmiljøet i bygda.

Etter årsmøtet i 2020 har styret hatt denne samansetninga:

Leiar: Olaug Widme
Nestleiar: Helge Rudihagen
Kasserar: Bjørg Avlestuen
Sekretær: Ole Guttu
Styremedlemar: Birgit Bråstad, Øystein Myhre
Varamedlemar til styret: Arnt Rune Solbakken, Gunny Beate Segelstad, Siri Korsbøen Haugstad

Revisor: Ann Merete Hallum
Redaktørar for Hemgrenda: Åge Knuts og Jon Ødegård
Valkomite: Anne Berit Skogvang, Bertil Jordbruen og Roger Jøingsli.
Varamedlem til valkomiteen: Torbjørn Torgersen

Regnskapet er ført av Snøhetta regnskap v/ Roald Smestad, og gjeld for kalenderåret 2020. Årsmeldinga følgjer også kalenderåret. Styret har hatt 11 styremøte, eitt av dei på e-post. 78 saker har vore behandla. Medlemstalet var ved utgangen av året 690.

Arbeidsgrupper i laget:

  1. Gotisk gruppe. Ingen aktivitet i gruppa i meldingsåret.
  2. Slektsgranskning. Ole-Jon Moastuen og Wenke Horten hjelper de som henvender seg for å finne slekt fra både inn- og utland.
  3. Bildegruppe. Gruppa har bestått av Knut Olafsen, Gudveig Hjelle, Kjell Hovde, Oddveig Borgedal, Gudbrand Berg og Hans Tore Seielstad. Leiar er Knut Olafsen. Gruppa har som regel fast møtekveld ein gong i veka. Bilda blir scanna og registrerte. Programmet som brukast er Primus. Dette er eit program for digitalisert lagring av fotografi. Ringebu Historielag fungerer som ei underavdeling av Gudbrandsdalsmusea.
  4. Skulesamling. Etter som Anne Thea og Knut Olafsen formelt sett har lagt ned arbeidet, har det vore liten aktivitet dette året. Nemner at opplegget Gammeldags skule i Imsdalen ikkje vart gjennomført i år pga. Covid-19, noko som har påvirka aktiviteten.
  5. Hemgrenda. I tillegg til redaktørane, Åge Knuts og Jon Ødegård, har nemnda vore samansett slik: Ola Hauge, Atle Aarnes, Torveig Dahl, Anne Berit Skogvang og Per Åsmundstad. Leiar i laget er og med.
  6. Ringebu - Heim og folk Sør-Fåvang. Boknemnd: I tillegg til forfattarane, Ola Hauge og Halvor Aaby, og redaktør, Jon Ødegård, har nemnda for sjette boka, Bind 7, vore slik: Hedvig Amrud, Rolf Bråstad, Sigurd Søreng, Knut Olafsen, Halldis Myhre Tvete og Olaug Widme; dei to siste som korrekturlesarar. I tillegg nemner ein at Ola Hauge hadde ansvar for kart, og Knut Olafsen for bilde. Boknemnda har hatt mange møte.
  7. Praktbok om stavkirka, prestegarden og området rundt. Torveig Dahl er redaktør. Elles er Lars Smestadmoen frå Ringebu Sokneråd med, Einar Høystad frå Stiftelsen Ringebu Prestegard og Jon Ødegård frå Ringebu Historielag. Arbeidet med boka er ei vidareføring av utstillinga i prestegarden om stavkyrkja, prestegarden og hagen. Planlagt ferdigstilt i 2021. Det har vore fleire møte, og arbeidet går framover.

Bøker

Hemgrenda kom i november. Boka er på 176 sider, inkludert årsmeldinga. Trykkeri 007 i Aurskog stod for trykkinga. Boka vart innbunden i Skien. Prisen er på kr 230 for medlemar og kr 250 for ikkje-medlemar. På grunn av Covid-19 var det eit todelt distribusjonsopplegg: Pakking og utsending til kundar torsdag 19. på Kaupanger. Seljarane fekk utdelt bøkene sine utandørs ved Minel fredag 20.nov. slik: Dei med adresse Ringebu og Venabygd kl 13 og dei med adresse Fåvang kl 14. Boka har selt godt og fekk omtale i lokalavisene.

Ringebu heim og folk, Sør-Fåvang kom ut likt med Hemgrenda i november og distribuert av dei same som sel Hemgrenda. Begge bøkene er til sals i lokal bokhandel og på Lillehammer.

Tingbok for Ringebu: Ingen aktivitet i meldingsåret.

Turer

Ingen tur dette året på grunn av Covid-19.

Kulturarrangement/æresmedlemmer

Hovdhaugen-kveld på Ringebu Bibliotek 4. februar med mange aktørar. Jon ødegård var initiativtakar og stod for ein stor del av kvelden. Samling for tillitsvalde i Ringebu Prestegard 3.oktober.

Det vart ikkje arrangert tradisjonell kulturkveld/hyggekveld dette året på grunn av covid-19.

Representasjon

  • representert på Gudbrandsdalsseminaret på Maihaugen
  • representert på årsmøtet i Gudbrandsdal historielag Dølaringen
  • representert på åpningen av Tankeplass/Høgkleiva i Oppland fylkeskommunes regi.
  • delteke i arbeidet med praktboka om stavkyrkja, Prestegarden og området rundt
  • delteke i planlegging av jubileet for kristninga av dalen, 2021-jubileet
  • delteke på kurs i minnesamling på Innovasjonssenteret
  • arbeidet med å finne lokal for skulesamlinga har halde fram

Anna

Heimesida er laga av Knut Forkalsrud. Han er og administrator.

Økonomisk situasjon: God. Viser ellers til rekneskapen.

Styret takkar alle tillitsvalde og medlemar for godt samarbeid i året som gjekk.

Fåvang, 14. 03. 2021
Olaug Widme

Handlingsplan for 2021

  • Halde i gang arbeidet med bøkene Hemgrenda og Ringebu - Heim og Folk
  • Halde i gang arbeidet med bilderegistreringa
  • Delta i arbeidet med å ferdigstille praktboka om stavkyrkja, prestegarden og området rundt
  • Prøve å få til arrangement/turar dersom smittesituasjonen tillet det
  • Arrangere kulturkveld dersom smittesituasjonen tillet det
  • Videreutvikle heimesida og bli meir sjølvstendige i å bruke/administrere ho
  • Halde varmt arbeidet med nye lokale for skulesamlinga
  • Svare på spørsmål om slekt
  • Følgje opp spørsmål om bøker, namn, personar m.m.

Desse punkta får lågare prioritet nå:

  • Prøve om nokon kan ta opp att arbeidet med tingbøker/lese gotisk
  • Prøve å kome i gang med innsamling av munnlege minne

Regnskap 2020

Sjå vedlegg

Kommentar fra regnskapsfører Roald Smestad

Vedlagt forslag til regnskap for historielaget for 2020. Resultatregnskapet viser et overskudd på kr 188.003 mot et underskudd på kr 54.649 i 2019. Det er en bedring i resultatet på kr 242.652.

Inntektene er kr 599.770 mot kr 364.422 året før, en økning på kr 235.348. Det er vel Sør-Fåvang-boka som slår ut her?

Sum bok-kostnader i kontoklasse 4 er kr 148.815 mot kr 297.289 i 2019. Det er en nedgang på kr 148.474. Årsaken må være forskjellig syklus for heim og folk. Det gamle varelagre vart vel nedskrevet i 2019. Den 31.12.20 er det et varelager på kr 105.000. Det er 750 bøker à kr 140. En del honorar til bokfolket skulle sikkert også vært regnet inn i denne bokprisen i tillegg.

«Ny-oppdaget» bankkonto i DNB (kto 1930) er tatt inn som ekstraordinær inntekt med kr 15.000. Kontoen ble opprettet 09.03.1989.

Ellers ser jeg at jeg hadde kommet litt i utakt med føring av regnskapshonorar. Høstregninga blir fakturert på nyåret så den skal egentlig kostnadsføres på det året den gjelder. Dette ble glemt forrige år. Korrekte tall for regnskap i 2019 skulle vært kr 27.060 og for 2020 kr 21.884. Det ligger nær gjennomsnittet for de siste 6 åra. Bokført EK er ved årsslutt kr 1.359.770 mot kr 1.171.766 når året starta.