Årsmelding 2021

Årsmøtet vart halde i Vognskjulet, Ringebu Prestegard onsdag 7. april kl. 19.00
med 20 personar til stades i samsvar med gjeldande
covid-19-restriksjonar. Trond Klaape heldt foredrag om Vis-Knut.

Etter årsmøtet i 2021 har styret hatt denne samansetninga:

Leiar: Olaug Widme
Nestleiar: Helge Rudihagen
Kasserar: Bjørg Avlestuen
Sekretær: Ole Guttu
Styremedlemar: Ole Guttu, Gunny Beate Segelstad
Varamedlemar til styret: Siri Korsbøen Haugstad, Arnt Rune Solbakken, Steinar Torsgård
Revisor: Ann Merete Hallum
Redaktørar for Hemgrenda: Åge Knuts og Jon Ødegård
Valkomite: Bertil Jordbruen, Roger Jøingsli, Runar Stenumgård
Varamedlem til valkomiteen: Torbjørn Torgersen

Regnskapet er ført av Snøhetta regnskap v/ Roald Smestad, og gjeld for
kalenderåret 2021. Årsmeldinga følgjer og kalenderåret. Det var
kalla inn til 11 møte, men januarmøtet vart avlyst pga. smittesituasjonen,
så det vart 10 styremøte; 70 saker behandla.
Medlemstalet var ved utgangen av året 692. Dette er meldt til
Landslaget for lokalhistorie.

Arbeidsgrupper i laget - aktive:

  1. Slektsgranskning. Ole-Jon Moastuen og Wenke Horten hjelper dei
    som henvender seg for å finne slekt fra både inn- og utland.
  2. Bildegruppe. Gruppa har bestått av Knut Olafsen, Gudveig
    Hjelle, Kjell Hovde, Oddveig Borgedal, Gudbrand Berg og Hans Tore
    Seielstad. Leiar er Knut Olafsen. Gruppa har møte ein gong i veka.
    Her blir bilda scanna og registrerte. I slutten av februar er det
    registrert 4665 bilde. Av desse er 3296 lagt på PRIMUS. I tillegg
    er det over 1000 bilde som er scanna, men ikkje registrerte med
    opplysning.
  3. Hemgrenda. Boknemnd: I tillegg til redaktørane, Åge Knuts og
    Jon Ødegård, har nemnda vore samansett slik: Ola Hauge, Atle
    Aarnes, Torveig Dahl, Anne Berit Skogvang og Per Åsmundstad. Leiar
    i laget er og med. Stofftilfanget har vore bra.
  4. Ringebu - Heim og folk Nord-Fåvang. Boka er under arbeid.
    Forfattarar er Ole Jon Moastuen og Halvor Aaby, og Mammut Reklame
    har tatt på seg å redigere boka. Elles er nemnda for sjuande boka,
    Bind 6, slik: Åge Knuts, Terje Tromsnes, Anna Mjogdalen, Ola Hauge
    (kart), Rolf Bråstad, Jon Ødegård, Knut Olafsen (bilde), Halldis
    Myhre Tvete og Olaug Widme, dei to siste som korrekturlesarar.
    Boknemnda har hatt mange møte.
  5. Forarbeid til Ringebu heim og folk – Vestsida. Det har vorte
    samla ein del stoff til bruk i boka m.a. av Atle Aarnes og Ola
    Hauge. Dei har hatt fleire møte.
  6. Praktbok om stavkirka, prestegarden og området rundt. Boka,
    med tittelen Ringebu Stavkyrkje og Prestegard – Kultursentrum i
    tusen år, er redigert av Torveig Dahl. I tillegg har redaksjonen
    bestått av Lars Smestadmoen frå Ringebu Sokneråd, Einar Høystad frå
    Stiftelsen Ringebu Prestegard, Øystein Rudi frå Gudbrandsdalsmusea
    og Jon Ødegård frå Ringebu Historielag. Erik Åge Flyen, Jon
    Ødegård, Halldis Myhre Tvete og Lars Tvete har utgjort
    bilderedaksjonen. Arbeidet med boka var ei vidareføring av
    utstillinga i prestegarden om stavkyrkja, prestegarden og hagen.
    Boka består av forskjellige artiklar av mange forfattarar og er eit
    dugnadsarbeid.
  7. Skulesamling. Ingen aktivitet dette året, men ein tek med
    gruppa her likevel, fordi samlinga er viktig når det gjeld å få på
    plass nytt lokale. Gruppa deltek og med materiell når det er
    nødvendig, t.d. til opplegg som Gammeldags skule i Imsdalen. Dette
    vart ikkje nå pga. pandemien.

Andre ikkje aktive arbeidsgrupper

Her nemner vi Gotisk gruppe og Tingbok for Ringebu som ikkje har hatt
aktivitet på nokre år, men dei er ikkje formelt sett nedlagde, og det
har vore gjort forsøk på å få dei i gang att.

Ferdigstilte bøker

Hemgrenda kom i november. Boka er på 175 sider, inkludert
årsmeldinga. Trykkeri 007 i Aurskog stod for trykkinga. Boka er
innbunden i Skien. Prisen er på kr 230 for medlemar og kr 250 for
ikkje-medlemar. Pakking og utsending til abonnentar
torsdag 25. november kl. 13 på Kaupanger. Boka har selt godt.

Praktboka Ringebu Stavkyrkje og Prestegard – Kultursentrum i tusen år
kom og i november, 390 sider, trykk og innbinding som for Hemgrenda,
pris kr 450.

Begge bøkene er selde av eit lokalt salskorps som dekker alle delar av
bygda, men er og til sals i lokal bokhandel og på Lillehammer.

Turer

Ingen lengre tur med overnatting dette året på grunn av Covid-19.

Tur for tillitsvalde 25. september. Turen gjekk til Sollia kyrkje og
krigsmuseet ved Atnbrua, med omvisning båe stader. 21 deltok på
turen.

Kulturarrangement/æresmedlemar

Arrangement med Leif Anker i Ringebu Stavkyrkje 2.mai, der han
fortalde om kyrkja: Ringebu stavkyrkje sin plass i stavkyrkjefloraen.
Dette var ein del av 2021-jubileet for kristninga av Gudbrandsdalen.
Ca. 20 personar deltok.

Kongens fortenestemedalje til Jon Ødegård på Kaupanger 27.juni med
inviterte gjestar i tråd med reglane for Covid-19. Eli Blakstad frå
Statsforvalteren i Innlandet stod for utdelinga, og det var helsingar
frå m. a. ordføraren og Gudbrandsdal Historielag.

Foredrag om Jens Andreas Friis på Ringebu bibliotek 12. oktober. Jon
Ødegård heldt foredraget. Fleire andre aktørar var med. Dette var
eit samarbeid med biblioteket.

Andre aktivitetar

  • Delteke i arbeidet med praktboka om stavkyrkja, Prestegarden og området rundt.
  • Delteke i planlegging og gjennomføring av arrangement i samband med 2021-jubileet .
  • Aarbeidet med å finne nytt lokale for bl.a. skulesamlinga har halde fram.

Representasjon:

  • Påmeldt på Gudbrandsdalsseminaret på Maihaugen. Seminaret vart utsett på grunn av pandemien.
  • Representert på årsmøtet i Gudbrandsdal Historielag Dølaringen. RH er ei underavdeling av laget.

Anna

Heimesida er laga av Knut Forkalsrud. Han er og administrator. Gunny Beate Segelstad frå styret gjer og nødvendige endringar på sida.

Økonomisk situasjon: God. Viser ellers til rekneskapen som vert lagt fram på møtet.

Styret takkar alle tillitsvalde og medlemar for godt samarbeid i året som gjekk.

Fåvang, 08. 03. 2022
Olaug Widme