Aktiviteter/Grupper

Aktiviteten i laget er organisert i grupper, hver med sin egen plan. Gruppene i dag er:

Fotoarkivet

Historielaget har fleire tusen bilder lagra på film og papirkopiar. Ein stor del vart samla på 1980-talet frå private fotosamlingar. Bilda vart avfotografert og lagra som film. Papirbilder er kome historielaget i hende på ymse vis, mest gjennom bokprosjekta gjennom 40 år. I dei seinare åra er bildematerialet til bøkene stort sett mottatt digitalt. Det aller meste er katalogisert på kort med opplysningar om alder, motiv og fotograf.

Historielaget har også:

  • Widerøe AS si flyfotosamling over bygda frå 1953 og frå 1959.
  • Ei stor samling studiobilder etter fotograf J. N. Elstad. Ca. 7500 bilder som nå er scanna.
  • Journalist Kristian Hosars samling etter fotograf J. N. Elstad, kjøpt i 2013. Dette er ca. 1500 landskapsbilder frå heile dalen, mest frå Ringebu, frå 1934 og framover. (Dei eldste Elstad-bilda er eigd av Maihaugen).
  • Ei stor samling etter amatørfotograf Øivind Berge ca. 440 bilder.

I 2011 vart det sett i gang arbeid med å digitalisere og arkivere heile fotosamlinga til historielaget. Dette blir gjort med arkiveringsprogrammet PRIMUS som også musea bruker. Det er eit stort arbeid, mye er gjort og mye står att. Etter kvart vil fotogruppa ta inn nye bilder for digitalisering. Å lage kopiar for interesserte vil og bli aktuelt mot eit honorar.

Knut Olafsen, Gudveig Hjelle, Oddveig Borgedal og Kjell Hovde

I dag består fotogruppa av:

  • Knut Olafsen, leiar
  • Gudveig Hjelle
  • Kjell Hovde
  • Oddveig Borgedal

Gotisk Skriftlesing

Her var ei gruppe aktive fram til 2013 med Halvor Aaby som leiar. Etter at arbeidet med Heim og folk-bøkene nå tek all hans arbeidskraft, har gotiskgruppa tatt ei pause. Men medlemmene er til disposisjon for dei som treng hjelp for å lesa gotisk handskrevne brev og dokument.

Dei som deltok dei siste åra var:

  • Halvor Aaby, leiar
  • Ove Løkken
  • Elna Nordrum
  • Jon Ødegård

Det gotiskgruppa har transkribert frå midt på 1970-talet og fram til i dag er omfattande.

  • Ministerialbøkene for Ringebu frå 1696 fram til 1898. Dette er trykt i 17 hefter og bøker, og er fortsatt å få kjøpt i laget.
  • Tingbok for Søndre Gudbrandsdal 1664 - 1700 (Saker frå Ringebu), trykt hefte.
  • Tingbok for Sør-Gudbransdal 1705 - 1726 (Saker frå Ringebu), trykt hefte.
  • Tingbok for Sør-Gudbrandsdal 1727 - 1739 (Saker frå Ringebu), trykt hefte.
  • Tingbok for Sør-Gudbrandsdal 1739 - 1746 (Saker frå Ringebu), trykt hefte.
  • Tingbok for Sør-Gudbrandsdal 1747 - 1753 (Saker frå Ringebu). trykt hefte.
  • Tingbok for Sør-Gudbrandsdal 1754 - 1758 (Saker frå Ringebu), trykt hefte.
  • Tingbok for Sør-Gudbrandsdal 1754 - 1756 (Saker frå Ringebu).
  • Skifter frå Ringebu 1682 - 1720, trykt hefte.
  • Kallsboka for Ringebu 1732 - 1772, trykt hefte.
  • Veghistorie for Ringebu, trykt hefte.
  • Formannsskapsprotokollen frå starten og så langt den er skrive med gotisk handskrift.
  • Ei rekke private arkiv.

Registrering av rosemaling i bygda

Etter ei oppmoding frå Maihaugen vart det i 2013 oppnemnd ei arbeidsgruppe som skulle finne fram til gamal rosemaling og registrere denne, under leiing av Olaug Widme. Grendemenn er oppnemnd og arbeidet er i gang.

Skulesamlingene

Ringebu Historielag har overtatt ei stor samling gamalt skulemateriell av Ringebu kommune, som berre var stuva vekk. Arbeidet med å ordne, avfotografere og katalogisere dette tok til i 2007. Anne Thea Høye Olafsen og Knut Olafsen har sidan arbeidd med dette, og ca. 4300 gjennstandar er nå katalogisert. Samlinga er i dag i svært lite tilfredsstillande lokale i gamle «Gymnastikken» på Vekkom Skule. Det har vore arbeidd med å få til nye og bedre lokaler for skulesamlinga i Ringebu Prestegard. Desse planane har stoppa, men det er i alle fall ei temautstilling i Prestegarden sommaren 2016.

Slektsgransking

Her har teknologien innhenta måten dette arbeidet var utført på tidlegare. Mye kan nå gjerast heime på eigen PC. Men å finne røtene og heimeplassen til forlengst utfløtte og ofte fråfløtte plassar, kan vera eit vanskeleg nøste å rekke opp i. Mange treng hjelp til dette, ikkje minst norskætta amerikanarar, og knapt noen har har mislykkast i å finne rota si i Ringebu. Dei som i dag for det meste tek seg av folk på leiting etter røtene sine er Knut Kvernflaten (kkvernfl@online.no), Ole Jon Moastuen (ol-jon@online.no) og Wenke Horten (wenke_horten@hotmail.com).