Ringebu Historielag

Av Jon Ødegård

Ringebu Historielag er ein av dei største medlemsorganisasjonane her i bygda. Truleg er det berre idrettslaget som har fleire medlemer. Midt på 1970-talet gjekk historielaget over til å ha berre livsvarig medlemskap, og det har fungert godt. Styret i laget var den gongen opptatt av å bruke tida på andre ting enn å krevja inn kontingent kvart år, samtidig som det var viktig å ha ein medlemsmasse å forhalde seg til. I dag har historielaget meir enn 700 medlemer. Desse får Hemgrenda til redusert pris, og medlemer som bur utafor bygda, og dei er det mange av, får boka tilsendt automatisk.

Ringebu Historielag vart stifta på årsmøtet i Gudbrandsdal Historielag på Gudbrandsdal Fylkesskule 12. juni 1932. Da var lærer og klokkar Kristian P. Åsmundstad alt medlem i styret for Gudbrandsdal Historielag. Under stiftinga av Gudbrandsdal Historielag i 1919 deltok ordførar Simen Kolstad frå Ringebu. På fylkesskulenvar Ola Vigerust skulestyrar og Aksel Hattestad var lærar. Båe var svært interesserte i slekts- og lokalhistorie, så tida for eit historielag i Ringebu var meir enn overmoden.

På sine gamle dagar var John Mæhlum ei drivkraft for å få Ivar Kleiven i gang med å skrive bygdebok for Ringebu. Her er Kleiven på besøk hos John på Høystad. Foto: Pål Kluften

Ringbu eller Ringebu

I 1928 hadde Ringebu fått si Ringbubok av Ivar Kleiven i serien «Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen». (Det var strid om bygdenamnet den tida. Skulle Ringebu vera med eller utan e? Boka vart heitande Ringbu, men bygdenamnet vart Ringebu.) Det var stor rift etter Kleiven for å skrive bygdebøker, og John Mæhlum var drivkrafta for at Kleiven tok fatt på Ringebu så tidleg som han gjorde. Denne boka vekte sikkert også interessa for lokalhistoria, og boka har vore trykt i nytt opplag.

Styret som vart vald på stiftingsmøte var: Aksel Hattestad, formann, Einar Vestad, nestformann og kasserar, Gudbrand Segelstad, O. O. Thujord og Kristian Bø. 20 personar teikna seg som medlemer på stiftingsmøtet. Alt fyrste hausten arrangerte det nystifta historielaget festmøte, - i Kommunelokalet, på Venaheim og på Tromsvang etter jul. Med m.a. Kristian P. Åsmundstad og Pål Kluften i spissen, var det fulle hus og høg stemning på alle møta. Kristian heldt foredrag og song, og Pål spelte gamal slåttemusikk frå bygda og fortalde om spelemenn og om slåttane han spelte. Frå møtet i Kommunelokalet, der det var over 200 frammøtte, lever replikken til Per Dalbak enda, da han vart intervjua av Ole Vestad om gamle arbeidsmåtar. Han var m.a. inne på det å kjøre tomreipes, og det ville Ole ha nærare greie på.

-Det må nå-vel du vetta som itte ha gjort nå’ anna!

Frå møtet på Venaheim heiter det i Dagningen: «Det var i det heile ein svært vellykka fest, og det er å vona at historielaget kan vekkja uppatt interessa for å ta vare på det verdifulle gamle som enno finst att her i bygdom».

På Tromsvang vart ideen lansert om å reise eit monument over ringbyggingane som deltok med heider i slaget i Kringen i 1612. Med stor fest vart bautaen omsider reist i 1937. Fyrst vart steinen frakta frå oppunder Randleiv og ned på kommuneplassen. Planen var å reise steinen der, men det var forskjellige meiningar da også, og etter at innskrifta var komen på plass, vart steinen frakta til Gildesvollen. At steinen vart henta frå Randkleiv var turleg ikkje tilfeldig, og den er ingen «smågut», så det skulle til 3-spann med hestar til for å få den opp Gråvåbakken.

Bokproduksjonen

Minnesteinen på Gildesvolden over ringbyggingane i slaget ved Kringen i 1612.

Alt på festmøta hausten 1932 vart det delt ut spørreskjema der det vart oppmoda om å skrive ned slektopplysningar og folkeminne. Den store oppgava historielaget såg for seg, var ei gards- og slektshistorie for Ringebu. Einar Hovdhaugen vart sett på oppgava, men arbeidet gjekk trått. Det var ikkje som i dag, der vi kan setta oss ved datamaskina og finne fram til dei fleste kjeldene på skjermen. Nei, Hovdhaugen, som budde inst i Venåsen med bort imot to mil til stasjonen, måtte på arkiva, statsarkivet på Hamar og riksarkivet i Oslo, for å få tilgang til kjeldene. Det vart eit slit. Så kom krigen.

Eg hugsar frå min barndom etter krigen at Hattestad gjekk frå gard til gard og bad om forhandsbetaling, og i 1953 kom boka ut. Hovdhaugen var aldri tilfreds med boka. Han måtte redusere manuset for i det heile tatt å få trykt boka.

Historielaget er i ein heilt annan situasjon i dag med pengar på bok, ikkje minst takka vera Einar, som gjorde mye gratisarbeid for historielaget. Det har ligge på oss nestorane i laget at vi skulda Einar ei meir fullstendig slektsbok for Ringebu. Så kom Halvor Aaby til bygda, og med han vart det bøker. I 2018 kom femte bandet av Heim og folk, Ringebu, som tek for seg Brekkom og Imsdalen, og arbeidet med sjette bandet er på gang. Eit stort løft for historielaget nærmar seg smått om send fullføring.

Arbeidet med «Gardar og Slekter i Ringebu» tok nok litt piffen ut av dei sentrale personane i historielaget, økonomien var «frå hand til munn» og aktiviteten der etter.

I 1964 vart Ola Rønningen leiar i historielaget. Hans kongstanke var å lage ei bok om nedlagde heimar i bygda. Ola sto på og samla opplysningar heile si leiarperiode, mest frå dei grendene han kjende best.

Boka kom ikkje før i 1996, men til ei tid da Ola kunne glede seg over å sjå arbeidet sitt på trykk. Boka «Nedlagde heimar i Ringebu» var på mange måter eit pionerarbeid, slike bøker var det svært få av den gongen. I dag er mange av informantane til boka borte så det var på tide at innsamlinga av opplysningar vart gjort. I historielagsarbeid føler ein at ein alltid er ute i seinaste laget.

Hemgrenda

Lokalhistoriske bøker har vore hovudtema for Ringebu Historielag sidan midt på 1970-talet. Da var Einar Hovdhaugen ferdig på Stortinget, og historielaget var opptatt av å nyttiggjera seg han med dei store kunnskapane han sat inne med, og den eineståande formidlingsevna han hadde. Alt i 1976 skreiv han «Bygda Vår. Lokalhistorie for Ringebu». Dette gjorde han utan vederlag. Boka vart ein salssuksess, og plutseleg hadde historielaget pengar.

Nå kunne vi setta i gang med oppgaver utan å gå i banken å spørja om lov. Det fyrste vi kasta oss på var Hemgrenda, eit lite årsskrift for historielaget. Leiaren fekk med seg Per Åsmundstad, som den gongen var formann i kulturstyret i Ringebu. Eit hovudmål da vi sette i gang, var at mest muleg av det vi visste Einar Hovdhaugen hadde liggande av verdifull lokalhistorie skulle koma på trykk. Kulturstyret var attpå til med på ein underskotsgaranti. Det trong vi ikkje. Boka var blåst vekk på få veker. Slik har det fortsett. Heftet vart etter kvart til bok frå 1990 og har i mange år nå hatt eit sidetal på 160 sider.

Eit velsmurd salskorps trålar bygda, og dei aller fleste heimar kjøper boka. Mange kjøper fleire, Hemgrenda er ei populær julegave til utfløtte ringbyggingar. Hytteeigarar skal ha boka i sitt hyttebibliotek, og meir enn 200 eks. blir postlagt til medlemar og abonnentar utanbygds. Eit opplag på 1800 eks. for historielagets årbok i ei lita bygd som Ringebu, er vi stolte av.

4000 registrerte emigrantar

På 1980-talet sette Einar Hovdhaugen seg på Statsarkivet i Oslo med politiprotokollane over dei som gjekk om bord på emigrantskutene til Amerika og plukka ut dei som sikkert kunne plasserast i Ringebu. Supplert med det han fann i kyrkjebøkene var det meir enn 3500 personar i tidsromet 1850 – 1930 som emigrerte. Dette vart til ei enkel bok i 1983. Nå var dataalderen i emning og nye kjelder vart tilgjengelege. I 2004 vart Per Åsmundstad og Jon Ødegård sett på å revidere og fylle ut boka med nye opplysningar. Boka skulle vera på plass til Utvandrarstemnet som historielaget arrangerte i 2005, og det klarte vi. Nå er nær 4000 utvandra ringbyggingar registrerte. Den nye boka er rikt illustrert med bilder, og den generelle delen er også omsett til engelsk.

Det siste arbeidet Einar Hovdhaugen gjorde for historielaget var boka «Frå det gamle arbeidslivet» i 1986. Her hadde historielaget god hjelp av kulturetaten i kommunen med kultursjef Kyrre Dahl i spissen.

Einar Hovdhaugen var ein stolpe i Ringebu Historielag frå starten og heit fram til han døde i 1996. Han var formann frå 1955 til 1960, men det var som kunnskapskjelde, forfattar og inspirator han først og fremst vil bli hugsa. Foto: Asbjørn Ringen, GD.

Boka er m.a. gjennomillustrert med teikningar av han. Dette var ei bok som skulle vore gitt ut på eit nasjonalt forlag, men forlaget til Einar, «Det norske Samlaget», var i økonomisk krise og torde ikkje gå på oppgava. Kanskje var det bedre at ho vart gitt ut lokalt med den tilgangen vi hadde til illustrasjonar, både bilde og teikningar. Samlaget hadde neppe lagt så mye i å illustrere boka som vi gjorde. Boka vart seld over heile landet, 1. opplaget vart fort borte, og det var mange som spurde etter boka før nytt opplag på 1000 bøker vart produsert i 2012.

Seterkommunen Ringebu

Ringebu var like før krigen største seterkommunen i landet med om lag 450 setrer i drift, heiter det. Fjellet og utnyttinga av beiteressursane der har vore avgjerande for husdyrbruket i bygda. I dag er berre eit fåtal av desse setrene nytta som seter med ku og geit.

Historielaget såg det som ei oppgave å ta vare på historia til seterbruket i bygda. Gjennom mange år vart det arbeidd med dette prosjektet, og i 2011 vart det bok, «Sethistoria for Ringebu». Alle 78 seterstular og 525 setrer er omtala og fotografert.

Frå 50-års jubileet til Ringebu Historielag i 1982. Fremst sit f. v. mangeårig formann Ola Rønningen og Gunnar Fretheim som hadde vore medlem i alle dei 50 åra. Bak f. v.: Formann Jon Ødegård, Einar Hovdhaugen og Signe Fretheim som også hadde vore med frå starten. Foto: Tobben, GD.

Fotosamlinga

Gamle bilder er svært viktig å ta vare på i det lokalhistoriske arbeidet. Eit bilde kan fortelja meir enn mange ord. Historielaget starta med innsamling og avfotografering av bilder frå rundt om i bygda, og bilder samla inn i samband med boka Bygda Vår og det årlege arbeidet med Hemgrenda. Det var Erling Raubakken som i første rekke sto for det arbeidet.

Historielaget fekk også tilgang til fotosamlingar etter amatørfotografar m. a. Paul Kolstad. I 2013 fekk Ringebu Historielag tilbud om å kjøpe tilbake ei samling på fleire tusen negativ etter fotograf J. N. Elstad som journalist Kristian Hosar var eigar av. Frå før hadde historielaget sikra seg ei stor samling av atelierbilde etter J. N. Elstad.

Den digitale verda har for lengst innhenta oss, og nå blir alle bilde scanna og lagra elektronisk. Scanning og katalogisering er eit stort arbeid som fotogruppa i laget har arbeidd med i mange år.

Utvandrardagane 2005

Utvandrardagane 2005 var ei stor satsing for laget i samarbeid med fleire lokale krefter. Vi starta i 2004 med tur over til USA for å promotere stemnet i 2005. Vi dro over med spel- og folkedansgrupper og hadde konsertar rundt om i Midt-Vesten med stort frammøte og stor begeistring. Saman med Gudbrandsgard Hotell hadde vi stand på Norsk Høstfest i Minot, N. Dakota der vi presenterte oss. I samarbeid med to reiseoperatørar og «Det Nationale Gudbrandsdalslaget» var det bra tilslutning frå norsk-ætta amerikanarar. Programmet gjekk over to dagar med underhaldning, opptog, bankett på Gudbrandsgard Hotell, gudsteneste og sjølvsagt slektsbesøk.

Amatørteateret framførte «Spelet om Jehans Nordbu» som var dramatisert av Kirsten Søhoel.

Sidan har Gudbrandsdalslaget på sine årlege turar vore gjester her, og historielaget har dyktige folk på slektsgransking som stiller opp og hjelper norsk-ætta som kjem her for å finne røtene sine. Det blir mange gripande stunder ved tufter etter nedlagde heimar og plassar rundt i bygda, og mange møter fjerne slektningar.

Stiftelsen Ringebu Prestegard

I samband med OL 1994 etablerte Einar Nagell-Erichsen seg i Ringebu, ikkje berre i Kvitfjell, der han var av dei fyrste som bygde seg hytte. Han gjekk inn i skianlegget med betydeleg med pengar. Til slutt bygde han hotellet, Gudbrandsgard Hotell og golfbane nede på voldane. Da ei stor samling maleri av Jacob Weidemann vart til sals, kjøpte Nagell-Erichsen denne samlinga samtidig som han leigde inntunet i Ringebu Prestegard av Opplysningsvesenets fond. Han investerte store summar i restaureringa av hovudbygningen og åpna galleri der, - Weidemannssamlingene AS.

I 2002 gjekk selskapet til Nagell-Erichsen konkurs. For å redde Prestegarden for bygda kjøpte Ringebu historielag og Ringebu sokneråd saman med Ringebu kommune inntunet hausten 2005. Ringebu historielag gjekk inn med 50.000 kr, og i 2006 vart eigarskapet til Prestegarden organisert som ein stiftelse. Historielaget gjekk inn i styret for stiftelsen med leiaren i historielaget den gongen, Einar Høystad som leiar i Stiftelsen Ringebu Prestegard. Seinare har historielaget vore engasjert i Ringebu Prestegard på ymse måtar. M. a. med den permanente stavkyrkjeutstillinga som er montert der, og med andre utstillingar. I 2014 løyvde historielaget 100.000 kr til restaurering av Vognskjulet, i første rekke med tanke på skulesamlinga som historielaget har fått ansvaret for av Ringebu kommune.

Per Åsmundstad var leiar i Ringebu Historielag 1983 - 1993. Han var også leiar i Gudbrandsdal Historielag i fleire periodar. I Ringebu Historielag gjorde han eit stort arbeid, ikkje minst som ein av redaktørane i Hemgrenda i 33 år og seinare ein trufast skribent.

Turane våre

Historielaget har arrangert turar både i inn- og utland med god deltaking. Turane har ofte vore lagt opp med hjelp av lokale kontakter, og da får turane gjerne ein lokal dimensjon utover det vanlege turistopplegget. To turar har vore lagt til dei norsk-amerikanske miljøa i Midt-Vesten.

Lokalt har det, gjerne på ein søndag, vore turar kalla Markvandring, nede i bygda eller til fjells der ymse tema har vore opplegget.

På dei årlege kulturkveldane med lokale tema har det alltid vore fulle hus. Det viser seg at ein treng ikkje trekke rikskjendisar til slike arrangement. Det er flott å nytte dei ressursane vi har lokalt, og dei er mange, ikkje minst blant ungdom.

Ringebu Historielag er på internett med heimeside - www.ringebu-historielag.no der ein kan lesa meir om verksemda til historielaget.

Ringebu Historielag er ein vesentleg del av eit aktivt kulturmiljø i Ringebu. Folk sluttar opp om historielaget, bøkene er populære og oppslutninga om dei tilbod historielaget kjem med er svært god. Interessa for lokalhistoria, som ofte startar med slekt og leiting etter forfedrar, er stor i desse rotlause tider, og historielaget betyr noe. Det arbeidet historielaget gjer, viser seg å vera viktig for mange.

Leiarane i Ringebu Historielag:
Aksel Hattestad 1932 – 1955
Einar Hovdhaugen 1955 – 1960
Bernhard Hovstad 1960 – 1964
Ola Rønningen 1964 – 1972
Jon Ødegård 1972 – 1983
Per Åsmundstad 1983 – 1993
Johannes Haugstad 1993 – 1997
Atle Aarnes 1997 – 2000
Einar Høystad 2000 – 2015
Olaug Widme 2015 -