Heim og folk i Ringebu - Band 4 Vekkom
Band 4 Vekkomsboka i serien om heimane og folket i Ringebu er fullført
og ligg nå til sals hos Ringebu Historielag og på Ringebu Libris.
Halvor Aaby har avslutta eit imponerande arbeid på 480 sider om folk
og heim i Vekkom. Jon Ødegård har vore redaktør. Her vil du finne svar
på nær sagt alt om busetting og om folket i Vekkom, frå gardane og
heimane vart rydda og fram til oktober 2016. Boka er rikt illustrert
med bilder og kart.
I serien er band 1 Venabygd, band 2 Kjønnås, band 3 Vålebrua og band 4
Vekkom nå fullført og i handelen. Bøkene kostar kr. 350 pr. band.