Bok om stavkyrkjeområdet snart i handel

Dette er ei bok med over 20 bidragsytarar, forfattarar og fotografar. Boka handlar om det store og omfattande felles kulturområdet med utgangspunkt i stavkyrkja i Ringebu, over fleire tusen år med levd liv i området fram til i dag. Boka har godt illustrerte artiklar om

Kap. 1) Området: Landskapsdanning, arkeologi, kongsvegen, Gildesvollen og pilegrimsleden.

Kap. 2) Stavkyrkja: Altartavla, orgel og organistar, kyrkjeklokker og klokkarar, kyrkjegarden, stupulen, gravminne – og litt til.

Kap. 3) Prestegarden: Husa, prestane, hagen før og nå, kunst- og kultursenter.

Kap. 4) Andre anlegg: Klokkargardane Halstad og Grov, Kirkenær, Høgkleiva med rettarstaden, varden og tankeplassen.

Lars Mytting skriv om «Ei kyrkjeklokke i Marens namn».

Boka er på 396 sider, og i bokhylla ser ho ut som grendebokserien Ringebu Heim og folk som Ringebu Historielag gir ut. Men denne boka har eit anna grafisk preg. Morten Løwe, Krible AS er grafisk formgivar. Saman med dyktige fotografar og forfattarar har han laga ei vakker og innhaldsrik bok, som vi trur vil glede mange.

Utgivar er Ringebu Historielag. Redaksjon er Lars Smestadmoen (Ringebu Sokneråd), Einar Høystad (Stiftelsen Ringebu Prestegard), Øystein Rudi (Gudbrandsdalsmusea) og Jon Ødegård (Ringebu Historielag). Biletredaksjonen er Lars V. Tvete, Halldis Myhre Tvete, Erik Flyen og Jon Ødegård. Torveig Dahl er redaktør for boka.

Boka kostar kr 450 og er i sal frå slutten av november gjennom salskorpset i historielaget, på NORLI Bokhandel i Ringebu, i Prestegarden og ev. andre utsalsstader. Du kan og kjøpe boka frå historielaget post@ringebu.historielag.no Du kan få ho tilsendt i posten, men da må du betale porto i tillegg.

Årets julegave, vonar vi!

Fåvang, 15. oktober 2021 Olaug Widme
Styreleiar