Årsmelding 2022
Årsmøtet var på Høgvang i Søre Brekkom onsdag 23.mars 2022 kl.19 med 38 personar til stades.
Kulturelt innslag var ved bildegruppa som viste fleire bilde frå samlinga.
Etter årsmøtet i 2022 har styret hatt denne samansetninga:
Leiar: Olaug Widme
Nestleiar: Helge Rudihagen
Kasserar: Bjørg Avlestuen
Sekretær: Øystein Myhre
Styremedlemar: Ole Guttu, Gunny Beate Segelstad
Varamedlemar til styret: Siri Korsbøen Haugstad, Arnt Rune Solbakken, Rune Haugstulen
Revisor: Ann Merete Hallum
Redaktørar for Hemgrenda: Åge Knuts og Jon Ødegård
Valkomite: Roger Jøingsli, Runar Stenumgård og Rune E. Bjørgerønningen
Varamedlem til valgkomitéen: Torbjørn Torgersen
Rekneskapen er ført av Snøhetta regnskap v/ Roald Smestad, og gjeld for kalenderåret 2022
Årsmeldinga følgjer og kalenderåret. Det var kalla inn til 12 møte, 84 saker behandla. Medlemstalet
var ved utgangen av året 696. Dette er meldt til Landslaget for lokalhistorie.
Arbeidsgrupper i laget - aktive:
-
Slektsgranskning. Wenke Horten og Ole-Jon Moastuen hjelper dei
som henvender seg for å finne slekt frå både inn- og utland. -
Bildegruppe. Gruppa har bestått av Knut Olafsen, Gudveig
Hjelle, Kjell Hovde, Oddveig Borgedal, Gudbrand Berg og Hans Tore
Seielstad. På slutten av året kom Rune Bjørgerønningen inn i
gruppa. Leiar er Knut Olafsen. Gruppa har møte ein gong i veka.
Her blir bilda scanna og registrerte. Pr. 1. jan. 2023 er det
registrert 6025 bilde. Av desse er 3787 lagt på PRIMUS. I tillegg
er det mange bilde som er scanna, men ikkje registrerte med
opplysningar. -
Hemgrenda. Boknemnd: I tillegg til redaktørane, Åge Knuts og
Jon Ødegård, har nemnda vore samansett slik: Ola Hauge, Atle
Aarnes, Torveig Dahl, Anne Berit Skogvang og Per Åsmundstad. Leiar
i laget er og med. Stofftilfanget har vore bra. -
Ringebu - Heim og folk Nord-Fåvang. Boka er under arbeid, og vi
håper å få ho ferdig hausten 2023.
Forfattarar er Ole Jon Moastuen og Halvor Aaby, og Mammut Reklame
har tatt på seg å redigere boka. Elles er nemnda for sjuande boka,
Bind 6, slik: Åge Knuts, Terje Tromsnes, Anna Mjogdalen, Ola Hauge
(kart), Rolf Bråstad, Jon Ødegård, Knut Olafsen (bilde), Halldis
Myhre Tvete og Olaug Widme, dei to siste som korrekturlesarar.
Boknemnda har hatt mange møte. -
Ringebu heim og folk – Baksida. Boka er under arbeid. Forfattar er
Aage Lesjø. Elles er boknemnda samansett slik: Jon Ødegård, Ola
Hauge, Knut Olafsen, Gudrun Sylte, Atle Aarnes, Halldis Myhre Tvete
og Olaug Widme, dei to siste som korrekturlesarar. Nemnda har hatt
ein del møte. -
Skulesamling. Ingen aktivitet dette året, men ein tek med
gruppa her likevel, fordi samlinga er viktig når det gjeld å få på
plass nytt lokale. Gruppa deltek og med materiell når det er
nødvendig, t.d. til opplegg som Gammeldags skule i Imsdalen. Dette
vart ikkje nå pga. pandemien.
Nye grupper i meldingsåret:
-
Kurs i gotisk over fem kveldar. Oppstart 2. okt. med 9 deltakarar,
avslutning 1. feb. Jakup Skjedsvoll har vore kursleiar. -
Innsamling av munnlege minne. Dette arbeidet vart starta opp med
eit planleggingsmøte 19. sept. i Innovasjonssenteret. Tom Willy
Rustad og Oddleiv Ringlund frå Midtdalsarkiver var med i tillegg
til Jon Ødegård, Torveig Dahl og Halldis Myhre Tvete. Frå styret
var Helge Rudihagen og Olaug Widme med.
Ferdigstilte bøker
Hemgrenda kom i november. Boka er på 160 sider, inkludert årsmeldinga.
Trykkeri 07 i Aurskog stod for trykkinga. Boka er innbunden i Skien.
Prisen er på kr 230 for medlemar og kr 250 for ikkje-medlemar. Pakking
og utsending til abonnentar 1. nov. kl. 13 på Ringebu Ungdomssenter.
Boka er selt av det lokale salskorpset som dekker alle delar av bygda,
men er og til sals i lokal bokhandel og på Lillehammer. Boka sel bra.
Turar
Ingen lengre tur med overnatting dette året. Tur for tillitsvalde 17.
september, 13 pers. deltok. Steinar Løsnesløkken var guide. Turen gjekk
til Heidal med besøk og informasjon i Heidal kyrkje og Bjølstadkapellet,
Heidal ysteri og Bjølstad gard. Middag på Lemonsjø fjellstue.
Kulturarrangement/æresmedlemar
Ringebu Historielag 90 år. Feiringa var med medlemar og inviterte
nabohistorielag i Kaupanger 12. juni med mat og fleire kulturelle innslag.
Bjørg Avlestuen vart utnemnd til æresmedlem på jubileumskvelden.
Andre aktivitetar
-
Deltok på markvandringa «Gamle vegar i Fryaområdet» den 28.mai, eit samarbeid med Fron
historielag. Jon Ødegård frå laget vårt orienterte om verksemda som vatnet i Frya har skapt
der i Rudiholet, Føynberga: mølle, sagbruk, elektrisitetsverk, teaterscena i Bergsveinshølen
og dramatisk føting i Føynberga -
Deltok på Åsta Holt-kveld på biblioteket 8.september med Birger Nesholen som forteljar - eit
samarbeidsarrangement med Ringebu Bibliotek -
Tok imot John Peterson m.fl. frå Fargo 1.juni i Ringebu Prestegard og Ringebu stavkyrkje.
-
Assisterte ein masterstudent ved Universitetet i Oslo, Heidi Hagen Nyborg frå Åmli, med
litteratur og opplysningar til oppgåva hennar om Kjønnsmoral m. m. i Ringebu på 1700-talet
og hadde eit langt møte med henne og informantar frå laget. -
I arbeidet med kulturminneplanen og registrering av kulturminne, har dei som har utført
arbeidet involvert historielaget og halde laget orientert. -
Arbeidet med å finne nytt lokale for bl.a. skulesamlinga har halde fram.
Representasjon:
-
Deltok på Gudbrandsdalsseminaret på Maihaugen 2.mai. Seminaret var utsett på grunn av pandemien.
-
Representert på årsmøtet i Gudbrandsdal Historielag Dølaringen på Steig 15.mai.
RH er ei underavdeling av laget.
Anna
Heimesida er laga av Knut Forkalsrud. Han er og administrator. Gunny Beate Segelstad frå styret gjer og nødvendige endringar på sida.
Økonomisk situasjon: God. Viser ellers til rekneskapen som vert lagt fram på møtet.
Styret takkar alle tillitsvalde og medlemar for godt samarbeid i året som gjekk.
Fåvang, 20.02. 2023
Olaug Widme