Gudbrandsdal Historielag Dølaringen - Årsmøte 2023
syndag 23. april
Øyer og Tretten historielag inviterer til Kjørkjehaugen, der har det stått to kyrkjer. Vi får ei orientering om denne historia der. Det er litt trongt med parkering, så vi må parkere langs vegen.
Sjølve kaffen og årsmøtet skal vi ha på ærverdige Nermo Hotel, der har historielaget ei utstilling om Kjørkjehaugen, og vi får orientering om arbeidet i laget under kaffen før vi tek sjølve årsmøtet.
Hugs påmelding til underteikna på epost eller sms innan 15. april.
Torveig Dahl, styreleiar, postadr. Høystadvegen 6, 2630 Ringebu, epost dahl.torveig@gmail.com tlf. 926 12 830
Program
Kl. 12.00: Frammøte Kjørkjehaugen, Tretten, omvising og orientering ved Gerd Hausstãtter.
Kl. 13.00 Kaffe på Nermo Hotel, utstilling om kyrkjene på Kjørkjehaugen og orientering om arbeidet i Øyer og Tretten historielag.
Ca. kl. 14.15 Årsmøte Gudbrandsdal historielag Dølaringen
Sakliste Val av møteleiar, referent, to til å skrive under protokollen.
- Godkjenning av innkalling og sakliste
- Årsmelding 2022
- Revidert rekneskap 2022
- Årbok for Gudbrandsdalen
- a) Arbeidsplan 2023
b) Budsjett 2023 - Årspengar
- Val
- Eventuelle innkomne saker sendast styret innan 9. april.
Deltakaravgift er kr. 150 for årsmøtet
Påmeldingar til styret v/Torveig Dahl innan 15. april (dahl.torveig@gmail.com)
eller telefon 926 12 830, helst som sms eller epost.
Du får saksdokument ved å henvende deg til meg, helst med epostadresse,
men eg kan også legga i konvolutt og sende om du ber om det.
Ev. saker som nokon ynskjer skal takast opp på årsmøtet
må vera motteke av styret innan 9. april.
Vel møtt!
Med venleg helsing
For styret
Torveig Dahl
Styreleiar
Til Kyrkjehaugen
Frå nord:
Ta av E6 ved oppkøyring etter Mågåli, merka Glomstad, køyr sørover, når vegen tek opp til
Glomstad, hald rett fram, sørover Tårstadvegen/Sør-Trettenvegen nr. 2556
Frå sør:
Køyr til Tretten sentrum, køyr opp til kyrkja, veg 2556, ta til høgre forbi kyrkja og fylgj vegen til
eit kryss der du svinger brått nordover.
Til Nermo Hotel
Køyr opp frå E6 ved Hafjell, fylgj skilting til Nermo eller køyr den gamle vegen heilt frå
Kjørkjehaugen.