Skriveseminar 27. januar 2024

Til gamle og nye skribentar i årbok for Ringebu Historielag!

Vi du bli med på skrivekurs, eller kjenner du nokon som er interessert i skriving?

Vi inviterer alle som kan ha interesse av å skrive for Hemgrenda til eit skrivekurs på Hundorp, Dalegudbrands gard laurdag den 27. januar kl.11-15. Kursleiar er Torveig Dahl, historikar og tidlegare leiar for Gudbrandsdalsmusea. Dette er eit samarbeid med Fron historielag og deira årbok Fronsbygdin.

Meininga er å samle dei som har interesse for Ringebu og lokalhistoria, frå stort til smått, og stimulera til å få fram dei gode forteljingane. Vi er interessert i både dei små notisane og stutte og lange artiklar. Vi ser og på korleis ein artikkel skal kunne utformast og korleis stoffet kan disponerast. Det viktigaste er at det er den lokale historia som kjem fram.

Redaktørane for årbøkene treng innspel på gode tema, samt få bygd eit nettverk som alle involverte kan ha nytte og glede av.

Interesserte, medlemmar og andre, kan melde seg på til

Bjørg Avlestuen tlf.nr. 97543113 eller e-post bjorgavlestuen@gmail.com innan torsdag 18.januar.

Vel møtt!

Styret i Ringebu Historielag