Årsmelding for meldingsåret 2023

Årsmøtet var på Ringebu ungdomssenter onsdag 15. mars kl. 19 med 33
frammøtte. Det faglege innslaget var ved Torveig Dahl og Oddleiv
Ringlund som fortalde om framveksten av Vålebrua som tettstad.

Etter årsmøtet har styret hatt denne samansetjinga:
Leiar: Olaug Widme
Nestleiar: Helge Rudihagen
Kasserar: Bjørg Avlestuen
Sekretær: Øystein Myhre
Styremedlemar: Gunny Beate Segelstad, Bertil Jordbruen
Varamedlemar: Siri Korsbøen Haugstad, Arnt Rune Solbakken, Rune Haugstulen
Revisor: Ann Merete Hallum
Valkomite: Runar Stenumgård, Rune Edvard Bjørgerønningen, Kjell Arne Borgedal
Vara valkomite: Torbjørn Torgersen

Rekneskapen er ført av Snøhetta regnskap v/ Roald Smestad og gjeld for
kalenderåret 2023 Årsmeldinga følgjer og kalenderåret. Det var kalla
inn til 11 møte, 73 saker behandla. Medlemstalet var ved utgangen av
året 671 i tillegg til 8 æresmedlemar. Dette er meldt til Landslaget
for lokalhistorie.

Arbeidsgrupper i laget - aktive:

  1. Slektsgranskning. Wenke Horten og Ole Jon Moastuen hjelper
    alle dei som henvender seg for å finne slekt frå både inn- og
    utland. Det er og andre som hjelper til.
  2. Bildegruppe. Gruppa har bestått av Knut Olafsen, Gudveig
    Hjelle, Gudbrand Berg, Hans Tore Seielstad og Rune
    E. Bjørgerønningen. Leiar: Knut Olafsen. Dei har hatt 41
    møtedager á 3 timar. Det er registrert til saman 7620 bilde. Av
    desse er 4480 lagt på PRIMUS. I tillegg er det fleire som er
    scanna, fotokort er skrivi og gjort klare for registrering.
  3. Hemgrenda. Boknemnd: I tillegg til redaktørane, Åge Knuts og
    Jon Ødegård, har nemnda vore samansett slik: Ola Hauge, Atle
    Aarnes, Torveig Dahl, Anne Berit Skogvang og Per Åsmundstad. Leiar
    i laget er og med. I meldingsåret gjekk Atle Aarnes ut, og inn kom
    Gunny Beate Segelstad. Stofftilfanget har vore bra.
  4. Ringebu - Heim og folk Nord-Fåvang. Forfattarar er Ole Jon
    Moastuen og Halvor Aaby. Ein nemner her at Halvor Aaby gjekk bort
    i 2023 etter ei tids sjukdom. Han har leita fram mye av det eldste
    stoffet. Mammut Reklame har tatt på seg å redigere boka. Elles er
    nemnda for sjuande boka, Bind 6, slik: Åge Knuts, Terje Tromsnes,
    Anna Mjogdalen, Ola Hauge (kart), Rolf Bråstad, Jon Ødegård, Knut
    Olafsen (bilde). I meldingsåret er Ivar Nordberg og Oddleiv
    Ringlund komne inn i nemnda. Halldis Myhre Tvete og Olaug Widme er
    korrekturlesarar.
  5. Ringebu heim og folk - Baksida. Forfattarar er Aage Lesjø og
    Halvor Aaby. Sjå pkt. 4. Elles er boknemnda samansett slik: Jon
    Ødegård, Ola Hauge, Knut Olafsen, Gudrun Sylte, Atle Aarnes,
    Halldis Myhre Tvete og Olaug Widme, dei to siste som
    korrekturlesarar. Atle Aarnes, Ola Hauge og Gudrun Sylte er godt i
    gang med samling av stoff, og forfattaren har grovskrivi stoff frå
    fleire stader.
  6. Kurs i gotisk Oppstart i 2022 og avslutta 1. feb. i
    meldingsåret. Jakup Skjedsvoll har vore kursleiar.
  7. Innsamling av munnlege minne. Arbeidet starta opp i 2022. I
    meldingsåret er det gjennomført intervjuopptak med to personar.
    Tom Willy Rustad, saman med Jon Ødegård og Halldis Myhre Tvete, var
    ansvarlege for det arbeidet. Det har og vore møte og rådgjeving i
    gruppa der Torveig Dahl, Helge Rudihagen, Bertil Jordbruen og Olaug
    Widme har vore med i tillegg til dei alt nemnde.

Ferdigstilte bøker

Hemgrenda kom i oktober. Boka er på 160 sider, inkludert årsmeldinga.
Trykkeri 07 i Aurskog stod for trykkinga. Boka er innbunden i
Skien. Prisen er på kr 230 for medlemar og kr 250 for ikkje-medlemar.
Pakking og utsending til abonnentar 30. okt. kl.16 på Kaupanger. Boka
er selt av det lokale salskorpset som dekker alle delar av bygda, men
er og til sals i lokal bokhandel og på Lillehammer. Boka sel bra.

Turar

  • Tur til Ålesund 28. – 30. aug. med Peer Gynt Tours som operatør.
    Sjåfør Vidar Moen frå Ringebu Bilruter. 29 deltakarar.

Opplegg for tillitsvalde

Som ei påskjønning for innsatsen for historielaget var alle
tillitsvalde invitert til Ny-Fjøset i Ringebu Prestegard
den 16. okt. til matservering, program og sosialt samver. Vel 30
deltok. Tom Willy Rustad tok oss med på ei musikalsk reise, og
Torveig Dahl, nyvalt leiar for Landslaget for lokalhistorie, fortalde
om arbeidet der.

Kulturarrangement/æresmedlemar

Kulturkvelden var i Sør-Fåvang grendehus søndag 11. juni med 72
frammøtte til program og servering. Fåvang musikkforening,
Strandklang og Kari Hanne Rudrud deltok med musikk og sang. Geir
Paulsrud fortalde om vegar i distriktet.

Ola Hauge vart utnemnt til æresmedlem på kulturkvelden.

Andre aktivitetar

    1. mars kl. 19 var det kveldsseto i Innovasjonssenteret med
      knivmaking som tema. Magne Rugsveen, som har vore tilsett ved Norsk
      Skogmuseum og Mjøsmusea, synte bilde og presenterte den varierte
      knivmakinga i Noreg. Ole Odlo, ein av våre lokale knivmakarar,
      synte knivarbeidet på forskjellige stadium i prosessen.
      Arrangementet var eit samarbeid med Midtdalsarkivet.
    1. juni deltok vi på Fåvangdågån med sal av bøker.
    1. september deltok vi på Fårikålfestival på Fåvang med sal av bøker.

Representasjon:

  • Gudbrandsdalsseminaret på Maihaugen 25. januar.
  • Årsmøtet i Gudbrandsdal Historielag Dølaringen i Øyer 23. april.

Anna

Heimesida er laga av Knut Forkalsrud. Han er og administrator. Gunny
Beate Segelstad frå styret gjer og nødvendige endringar på sida.

Økonomisk situasjon

God. Viser ellers til rekneskapen som vert lagt fram på møtet.

Styret takkar alle tillitsvalde og medlemar for godt samarbeid i året
som gjekk.

Fåvang, 20. februar 2024
Olaug Widme