Gudbrandsdalsseminaret 2024

Årets tema er: Okkupasjon og etterspel.

Tysdag 19. mars

Kl. 09.30 –15.30

Det er krig i Europa og i nærområda våre. Dei brutale hendingane i Ukraina og på Gaza går inn på oss alle, og set oss i berøring med eigne erfaringar og forteljingar om krig og okkupasjon.
Gudbrandsdalsseminaret 2024 tematiserer krig. Vi ser nærmare på andre verdskrigen i Lillehammer og Gudbrandsdalen, og på korleis krigen og okkupasjonsåra er omtala, skrive om og formidla i åra etter.

Program

Del 1 Krigen i Gudbrandsdalen

09.30

Registrering, kaffe og biteti.

10.00

Opning ved Sæbjørn Forberg, leiar i Gudbrandsdal Historielag Dølaringen

10.10

Historieskriving og minnekultur om 2. verdskrigen

Guri Hjeltnes – historikar, journalist og mangeårig direktør ved Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret).

Krig og krigshistorie er også ein kamp om definisjonsmakt. Korleis blir ulike hendingar, prioriteringar og val gjevne meining og forståing?

10.45

Krig i Noreg og krig i Gudbrandsdalen

Ingar Sletten Kolloen, forfattar.
Kva skjedde under dei dramatiske okkupasjonsdagane i april 1940? Eit nasjonalt blikk på krigs- og okkupasjonstida i Gudbrandsdalen 1940–45.Perspektiv på etterkrigstida og eit ynskje om forsoning.

11.20

Lange linjer – tilpassing og gråsoner

Tore Pryser, professor emeritus i historie ved Høgskolen i Innlandet.

Krigen og dei lange linjene. Kva skjedde eigentleg i Gudbrandsdalen i åra 1940 til 1945? Lokale eksempel på NS sitt fotfeste i Gudbrandsdalen og korleis krigen òg skapte vekst og god økonomi.

12.00

Lunsj i Maihaugkafeen

Del 2 Krigen og litteraturen

Tre av nobelprisvinnarane i litteratur, Bjørnstjerne Bjørnson, Sigrid Undset og Knut Hamsun, er på ulike måtar tett knytte til Gudbrandsdalen og Lillehammer. Dei sjølve og familiehistoriene deira er også på svært ulike vis knytte opp mot 2. verdskrigen. Nazismen førte til splitta familiar, flukt, tap av menneskeliv, motstandskamp og sprikande tilslutning til norske og tyske nazistiske idéar og organisasjonar.

Korleis har Bjørnson, Undset og Hamsuns sine ulike familiehistorier vorte forstått, og korleis kan vi forstå dei i dag? Kan desse tre familiehistoriene vere eit prisme som opnar opp for tolking av ukjend og problematisk lokalhistorie?

13.00

Omvising i utstillinga «Det snakker vi ikke om».
Kristina Skåden, førstekonservator NMF, Maihaugen.

13.30

Bjørnstjerne Bjørnson – Kristin Brandtsegg Johansen,
konservator for diktarheimane Aulestad og Bjerkebæk

13.40

Sigrid Undset – Kristin Brandtsegg Johansen, konservator
for diktarheimane Aulestad og Bjerkebæk

13.50

Knut Hamsun – Ingar Sletten Kolloen, forfattar og biograf

14.00

Samtale mellom innleiarane

Knut Aastad Bråten, avdelingsleiar for Gudbrandsdalsmusea på Lesja leier samtalen.

14.20

Pause med kaffe og kake

Del 3 Krigen og holocaust

Under 2. verdskrigen vart 766 norske jødar og 62 norske romar drepne som følgje av rasepolitikken til nazistane. Sju av desse ofra kom frå Lillehammer og Gudbrandsdalen.

14.20

Historia om deportasjonen av sju jødar i Lillehammer

Magnhild Bergljot Apeland og Nina Hildre, Innlandet fylkeskommune, kulturminneavdelinga.

I mai 2021 vart det lagt ned sju snublesteinar i Lillehammer til minne om dei jødiske offera for nazistane. Fylkeskommunen har arbeidd med dokumentasjon og kunnskapsinnhenting. Kven var dei, kva skjedde med dei og kva vart konsekvensane? Eit blikk inn i historia både til dei som vart deporterte og til samfunnet omkring.

14.40

Historia til Klara og Samuel Karpol frå Harpefoss
Bjørn Sletten – Kultursjef i Sør-Fron, tidlegare redaktør av Dølen.

Familien Karpol vart tekne til fange og sendt frå Harpefoss til utryddingsleiren Auschwitz. Kva haldningar hadde gudbrandsdølane overfor jødar og andre minoritetar den gongen? Kva visste dei om utryddingspolitikken til nazistane? Og har hendingane mot Karpol-familien og andre under krigen påverka haldning og handling overfor både jødar og andre minoritetar i dag?

15.00

«Det er ikke straff nok for det dere har gjort.» Om læraraksjonen og kva den hadde å seie i norsk historie.
Inge Eidsvåg, tidlegare rektor ved Nansenskolen, og forfattar.

Den norske læraraksjonen under krigen var truleg den viktigaste av alle sivile ulydnadsaksjonar, og den var ikkje berre viktig for den sivile motstanden. Den var også formande for yrkesetikken i den norske lærarstanden, og slik sett også viktig for norsk skule i etterkrigstida.

15.30

Oppsummering av dagen

Påmelding:

  • Bindande påmelding innan måndag 11. mars 2024:
  • Seminaravgift 750 kr
  • Lunsj er inkludert, men meld ifrå om særskilde matbehov.

For spørsmål:

Kristina Skåden 95 22 66 90
Arne Skuterud 90 74 78 75
Etter seminaret blir foredraga lagt ut på www.gudbrandsdalhistorielag.no.
Enkelte foredrag vil også bli trykte som artiklar i Årbok for Gudbrandsdalen.

Arrangørar:

Gudbrandsdal historielag, Dølaringen, Gudbrandsdalsmuséa og
Stiftelsen Lillehammer Museum, Maihaugen.